MATEMATIKK · H26 · 10 STP
MAT1105
Lineær algebra og numeriske metoder
Logikk, matriser og numerikk i éin pakke. Du lærer å løyse gigantiske likningssystem og å få datamaskina til å derivere for deg, og så lærer du kvifor ho tek litt feil.
Formelhefte MAT1105
Alle formlane og teorema i boka, kapittel for kapittel, med stjerner for det viktigaste, pugg-modus og lenkjer til filmane.
Opne formelheftet › INTERAKTIV LAB · KAP. 2, 6, 7, 8Matriselab
Dra i ei 2 × 2-matrise og sjå gitteret, determinanten, eigenvektorane og løysingane av x′ = Ax endre seg live.
Opne laben ›Kapittel 1 og 2, forklart på under to minutt kvar.
Vektorar, forklart
Lister som blir piler, addisjon og skalering, vektorisering i numpy, lengd, prikkprodukt, projeksjon og trekantulikskapen.
Spel av videoen › KAPITTEL 2Matriser, forklart
Rader og kolonner, transponering, matrise gonger vektor, matriseprodukt, AB ≠ BA, og matriser som flyttar heile planet.
Spel av videoen ›Kapittel 3 og 4: likningssystem og inversen.
Gausseliminasjon, forklart
Utvida matrise, dei tre radoperasjonane steg for steg, trappeform, eitt, uendeleg mange eller ingen svar, elementærmatriser og kostnaden 2n³/3.
Spel av videoen › KAPITTEL 4Den inverse matrisa, forklart
Angreknappen for matriser: (A | I) blir til (I | A⁻¹), x = A⁻¹b, 2 × 2-snarvegen, kvifor ad − bc = 0 ikkje kan angrast, og teoremet om inverterbare matriser.
Spel av videoen ›Kapittel 5 og 6: basis, rang og determinantar.
Basis og dimensjon, forklart
Når pilene når heile planet, pivotkolonner som basis, kolonne-, rad- og nullrom, rangteoremet, koordinatar og ein basis som gjer matrisa diagonal.
Spel av videoen › KAPITTEL 6Determinantar, forklart
Determinanten som areal med forteikn, kofaktorutvikling, determinant via Gauss, reknereglane, det = 0 og vektorproduktet.
Spel av videoen ›Kapittel 7 og 8: eigenverdiar og differensiallikningar.
Eigenverdiar, forklart
Piler som berre blir strekte, det karakteristiske polynomet, eigenvektorar med radreduksjon, smittemodellen og komplekse eigenverdiar.
Spel av videoen › KAPITTEL 8Differensiallikningar, forklart
x′ = Ax løyst i eigenbasisen, ni løysingar frå boka, spiralar ut, inn og rundt, og andreordens likningar.
Spel av videoen ›Kapittel 9 og 10: kondisjonstal og interpolasjon.
Symmetri og kondisjonstal, forklart
Ei nesten singulær matrise, spektralteoremet som ellipse, kondisjonstalet K(A) og Hilbertmatriser som et siffer.
Spel av videoen › KAPITTEL 10Interpolasjon, forklart
Vandermonde, Newtonforma og delte differansar, sin x som blir betre, Runge som blir verre, og firkantbølgja med fft.
Spel av videoen ›Kapittel 11 og 12: derivasjon og integrasjon på datamaskina.
Numerisk derivasjon, forklart
Sekant mot tangent, Newtonkvotienten og den symmetriske, andrederivert, fempunktsformelen, og eit loglog-plott der avrundingsfeila tek over.
Spel av videoen › KAPITTEL 12Numerisk integrasjon, forklart
Riemann-summar, midtpunkt, trapes og Simpson side om side, feiltabellen frå boka rekna live, og kor liten h må vere.
Spel av videoen ›Tema
- Matematisk logikk, mengder og funksjonar
- Vektorar og matriser
- Gausseliminasjon
- Lineær uavhengigheit, basis og dimensjon
- Determinantar, eigenverdiar og eigenvektorar
- Numerisk derivasjon og integrasjon
- Feilestimat og grensene til metodane
- Programmering av numeriske metodar
Oppgåver
- Løyste øvingsoppgåver og obligar kjem her